13. aug, 2016

Eit lykkelig, perfekt liv - kven definerer?

Det er vel etterkvart ei kjent sak at eg er glad i gode sitat og visdomsord. Etter mi meining, er det mange som har sagt og/eller skrive mange kloke og gode skildringar om livet og livets utfordringar, både med humoristisk snert og med djupt alvor, i kort uttrykksform som har gått gjennom mange generasjonar i tid.

Eg merkar meg at ord som ofte går igjen, er *lykke/lykkelig* og *perfekt*. Dette er ord som eg personleg ikkje er så glad i. I allefall ikkje i alle samanhengar.

Eg har hatt eit innlegg her tidlegare om begrepet *lykke/lykkelig*. Dette innlegget ligg eit stykke bakover i tid, men eg stiller framleis spørsmåla; Kva er lykke? Kortid er nokon lykkelige? Kva skal til for at eit menneske skal kjenne seg lykkelig? Og kven er det eigentleg som definerer kva som er lykke? Er det slik at mennesker måler seg opp mot andre? Er lykke å passe inn i eit såkalla A4-liv?

Eg stiller framleis desse spørsmåla. Men personleg har eg kjempa og gått framover på vegen min, og eg har nådd fram til ein stad der eg er langt mindre oppteken av kva og kvifor andre gjer som dei gjer og er som dei er. Eg er langt mindre oppteken av å måle meg sjølv opp mot andre, og tenke at "eg må slik og sånn som den og den for å bli vellykka i livet." Fordi...eg MÅ jo slettes ikkje det. Eg må leve slik som kjennes riktig og bra for meg, uavhengig av om det "passer inn i A4-normen"... Og dersom andre reagerer på det på ulike måtar, så er det deira sak og ikkje mi. Eg kan ikkje styre kva andre tenker, syns og meiner. Men eg kan styre meg og mitt liv. Eg kan ta valg og gjere det som får meg til å føle meg bra på innsida.

Så til ordet *perfekt*. Eg har litt same forholdet til det som til begrepet *lykke*. Som eit døme, vil eg bruke dette visdomsordet: "Vi ble født for å være ekte, ikke perfekte."

Ja, akkurat! Perfekt er ikkje ekte? Perfekt er noko som vert forventa utanfrå?  Men kven er det som har rett til å definere kva som er det perfekte? Det perfekte menneske, det perfekte livet? Kortid er eit menneske perfekt? Kortid er livet perfekt? Kva skal til for å vere eit perfekt menneske? Kva skal til for å få eit perfekt liv?

Å utføre noko praktisk, lage noko, skape noko som vert til eit konkret resultat - det kan gjerne skildrast som eit perfekt resultat. (sjølv om det også kan vere ei subjektiv vurdering). Men eg strevar i allefall med å forstå at eit menneske, eit liv, ein levemåte kan skildrast som perfekt. For kven definerer det, og korleis kan det målast?

Eg avsluttar dette innlegget med min personlege konklusjon (eg kan jo det sidan dette er min blogg):

Dersom ein vil bruke begrepa *lykke/lykkelig* og *perfekt*, så må ein sjølv stå for definisjonen. Det må vere den enkelte si kjenslemessige oppleving som står i sentrum. Ikkje det som vert forventa utanfrå, fordi "alle andre".....

Tenk om alle hadde eit lykkelig, perfekt liv som var heilt likt..? Tenk kor kjedeleg og fargelaust eit slikt samfunn ville ha vore...?

God helg!Smiler stort