10. aug, 2016

Eit godt og raust menneske har gått bort.

Enno ein gong har eg fått triste nyhende om at eit menneske eg kjente har gått bort. Dette mennesket fekk leve i litt meir enn 60 år. Men det er jo for tidleg å gå ut av livet i den alderen. Dette mennesket har eg kjent i mange år, og eg fekk lære å kjenne vedkommande ganske godt. Saman med fleire andre, har me hatt gode samarbeid og mange kjekke og fine opplevingar.

Eg veit at den vegen dette mennesket har gått på gjennom livet har vore både kronglete og bratt. Men dette mennesket hadde likevel stor raushet og omsorg for andre, og spesielt for mennesker som strevde og hadde utfordringar i livet sitt.

Eg veit at dette mennesket betydde mykje for mange, med sin innsats og si deltaking i livene deira. Dette mennesket greidde å vere noko for andre, trass i ein kronglete og bratt livsveg. Dette mennesket visste noko om korleis det er å gå gjennom livet på ein kronglete og bratt veg, og kunne nettopp difor vere noko for andre som også strevde.

"Du skulle fått vere her i livet lenge enno. Men så kom døden, brått og uventa. Det er trist at du er borte, men eg unner deg ro og kvile. Takk for godt samarbeid, fine opplevingar, humor og latter. Kvil deg i fred no."