5. aug, 2016

Ein ny veg og ein ny kvardag. Eg er motivert og eg er klar!

Eg ser på kalendaren. Ni dagar. Det er ni dagar til eg for alvor skal ta fatt på ein ny veg.

Eg har starta å gå litt på vegen allereie. Eg har prøvd meg forsiktig fram for å kjenne på om dette er ein veg som er overkommeleg, ein veg som passar til mi helse og min form, ein veg som det er realistisk å tru at eg kan greie å gå på over lang tid. Det er fint å få mulighet og tid til å prøve seg litt fram. Eg er heldig. Eg har fått lov til å bruke tid på å bevege meg fram på vegen i mitt eige tempo. Eg har fått tid til å kjenne på om eg er klar for dette. Eg har gått roleg og forsiktig, i mitt eige tempo. Eg har snubla og ramla litt, reist meg og prøvd å gå litt til, så snubla og ramla igjen. Det vart nødvendig for meg å ta ein kvilepause. Og det er greitt. Eit lite snev av usikkerhet og bekymring greidde å snike til seg merksemda mi, men eg har aldri tenkt eller hatt lyst til å gje opp og snu for å gå tilbake. Dette er den vegen eg skal gå. Eg er motivert og eg er klar. Usikkerhet og bekymring... joda, eg har vore innom det. Litt. Og det vil vel melde seg igjen. Men kva så? Det er ein del av livet, det. Slik er det å vere menneske. Usikkerhet og bekymring er ein del av det spekteret av kjensler som mennesker har. Men det som er fint, er at det finnes metodar som kan hjelpe med å ta kontroll over tankar som gir næring til usikkerhet og bekymring. Og eg har gjennom læring og trening fått kunnskap om korleis eg kan bruke slike metodar for å hjelpe meg sjølv. 

Eg ser på kalendaren. Det er berre ni dagar til eg for alvor skal ta fatt på den vegen som skal gje meg ein ny kvardag. Dette er den vegen eg skal gå. Eg er motivert og eg er klar. Og, ikkje minst; eg ser fram til å komme i gang for alvor. Kul