1. aug, 2016

Kvardagslykke.

Lykke - kan vere å ha ein dag nesten utan hodepine og smerter. Å kunne finne overskudd til å gjere heilt vanlege, huslege sysler. Å kunne setje seg ned med ein kaffikopp etterpå. Sjå at ein har gjort det litt meir ryddig i heimen.

For mennesker (som av ulike grunnar) ikkje har så stort lager av energi og overskudd, kan slike kvardagslege gjeremål bli til... Ja, ei form for lykke? Når energi og overskudd ikkje alltid kan følge rutinemessige planar... det kanskje er brukt opp på andre gjeremål eller aktivitetar... Då kan det kjennast som ei form for lykke når ein har fått gjort det.

Det er ganske fint, det. Kvardagslege gjeremål. Kvardagslykke. 🙂