30. jul, 2016

Av og til er det nødvendig å forandre retning.

No er det fire veker og tre dagar sidan eg opent og offentleg kunngjorde at tida var komen for røykeslutt. Når eg valgte å gjere det på den måten, er det vel også på sin plass å kunngjere at eg ikkje har lykkast med dette...🤭

Eg har gjennom mesteparten av livet mitt vore ein slik person som takler dårleg å mislykkast. Eg har for det meste valgt å unngå/unnvike utfordringar som eg ikkje har kjent meg ganske sikker på å lykkast med. Difor var det eit stort steg for meg å dele ei avgjerd om røykeslutt opent og offentleg. Eg var ikkje sikker på om eg ville greie det, men valgte å utsetje meg sjølv for risikoen med korleis eg ville oppleve og takle det dersom eg ikkje lykkast. Eg likar ikkje at eg ikkje greidde å mestre denne utfordringa. Og eg syns ikkje det er noko lett å gå opent ut å innrømme at eg ikkje har fått det til. Men eg gjer det likevel, fordi det er læring og framsteg for meg å "mislykkast offentleg." Det er læring og framsteg å kunne vise at eg kan vere det som eg sjølv opplever som svak. Det er læring og framsteg å gje slepp på perfeksjonisten i meg. Sjølv om akkurat denne læringssituasjonen ikkje er den beste å mislykkast i, så har den vore eit bidrag til personleg utvikling.

MEN! Når det er sagt, så betyr ikkje dette at eg har gitt opp. Eg vil ikkje gi opp ønsket om å kunne bli røykfri. Men eg ser at eg må velge ein annan retning. Den vegen eg gjekk inn på med eit mål om å bli røykfri, vart for vanskeleg for meg. Eg må stoppe opp litt og orientere meg om andre mulige vegvalg. Kanskje det vil vere nyttig om nokon kan vise meg ein god veg? Og kanskje eg treng at noko går med meg eit stykke på vegen?

Eg skal finne ut av dette. Eg skal finne ein veg. Eg har ikkje gitt opp. Eg må berre forandre retning. 🙂