29. jul, 2016

Ein dårleg dag vart avslutta med kjensle av siger.

Ein av dei dårlege dagane i dag. Kraftig og intens hodepine, muskelsmerter, sår og vond hals, kjensle av å ha feber utan å ha det. Det er slitsomt med smerter, og krevande å jobbe mentalt for å ikkje synke ned i tung sinnsstemning når smerter "bankar" i hode og kropp. Det er frustrerande når ingenting av det ein har for smertelindring fungerer. Etter ein lang dag med smerter som ikkje ville sleppe taket, uansett kva eg prøvde for å få lindring, berre bestemte eg meg: "På med regnklede og kom deg ut og gå ein tur."

Og så gjorde eg det. Det var langt i frå den beste turopplevinga eg har hatt, men eg gjorde det! Eg greidde å gå ein tur, sjølv om kroppen protesterte både før og under turen. Langt i frå den beste turopplevinga eg har hatt, men ikkje direkte negativ heller.

Frisk luft og la kroppen få røre litt på seg, er (nesten) alltid bra. Og sjølv om det kjennes heilt uoverkommeleg når ein sit inne med smerter, så er det veldig ofte slik at ein greier meir enn det ein trur når ein berre sit inne og kjenner på det. Når ein sit inne og berre kjenner på smertene, er det naturleg nok det som opptek tankane. Og det er så fort å komme inn i ein negativ tankespiral. Dersom ein greier å komme seg ut, om det så berre er ein kort tur, får ein liksom lufta tankane sine litt også. Det er ikkje sikkert at det alltid vil hjelpe for smertene å gå seg ein tur. Men det kan vere til hjelp for å bryte ut av tankar og fokus på smerter.

Slik var det for meg i kveld. Smertene som var der før eg gjekk ut, var med meg på tur og dei var med meg heim igjen og dei er her framleis. Men tankane mine rundt smertene har liksom løyst seg opp litt, og eg er lettare til sinns enn eg var før eg gjekk ut. Og med ein lettare sinnsstemning, er mi toleransegrense for smertene også blitt høgare.

Ein dårleg dag, men eg avsluttar den med ei kjensle av siger.🙂