26. jul, 2016

Ser du etter nokon som kan forandre livet ditt? Sjå i speilet...

I dag las eg eit visdomsord som nokon hadde lagt ut på Facebook, som handla om at det er ein sjølv som har ansvar for å gjere endringar i livet sitt, dersom ein ønskjer det. Eg hugsar ikkje visdomsordet heilt ordrett, men det var noko slikt som dette: <Om du leter etter en person som kan forandre livet ditt, se i speilet>

Ja, slik er det. Det er det som er sanninga. Den harde, brutale sanninga, kanskje?

Det er så veldig, veldig lett å legge skyld på omstendigheter og på andre mennnesker: "Dersom den/det ikkje var".... "Dersom den/det berre hadde".... Eg er klar over at det for mange er ytre omstendigheter og andre menneske som gjer at livet kan vere vanskeleg. Eg er klar over at veldig ofte er det ein ganske stor faktor. Men så er det no ein gong slik at å forandre på eit anna menneske er noko ein ikkje kan rå over. Og mange gongar er det slik at ein ikkje får gjort noko med omstendigheter heller. Og kva då? Kva står ein igjen med då? Jau, då står ein igjen med seg sjølv. Seg sjølv kan ein rå over. Eit menneske kan (i hovedsak) bestemme over seg sjølv. Eit menneske kan velge å gjere noko med livet sitt, uansett kva som har skjedd av omstendigheter og med mennesker rundt ein. Eit menneske kan velge å snu om på tankane sine, velge vekk tankar om skyld og omstendigheter, og fokusere på korleis og kva ein sjølv kan gjere - for seg sjølv!

Kanskje har ein i ein fase behov for hjelp og støtte frå behandlingsapparatet for å få det til. Og det er OK. Det er OK å be om hjelp. Det er OK å ta i mot hjelp. Det kan vere godt å ha noko som går ved sidan av ein på ein veg som er krevande å gå. Det kan vere godt at nokon går ved sidan av og hjelper med å halde motet oppe når det vert tungt og slitsomt. Men den som går ved sidan av er berre ei støtte og ein motivator. Den som går ved sidan av er berre ein hjelpar. Ein hjelpar som etter ei stund kan stoppe, vinke til deg og sende deg vidare på vegen åleine. Dersom ein ønskjer å forandre på noko i livet sitt, forandre retning, velge ein ny eller anna veg, så må ein før eller seinare gje slepp på hjelparen og gjere eigne erfaringar langs vegen sin. Ein god hjelpar vil sjå at no er ein klar for å bli sendt avgårde åleine.

  "Det er din veg. Berre din. Andre kan gå den med deg. Men ingen kan gå den for deg." (Rumi)

Dersom ein vil - verkeleg vil - gjere forandringar i livet sitt, så må ein faktisk ta grep og gjere det sjølv. Ein må våge å prøve seg fram på den vegen ein har lyst til å gå på, og få erfaringar på kva som er hensiktsmessig og kva som ikkje er det. Ein må gjere eigne erfaringar på kva som nyttar og kva som ikkje nyttar. Og ein må gjere eigne erfaringar på mestring. For det kjem ein til å oppleve. Kanskje ikkje med det første, men om ein ikkje gir opp når ein snublar og dett, så vil ein oppleve mestring etterkvart. Heilt sikkert! Og mestring gjev motivasjon til å gå vidare.

Men det er viktig å vite at det er OK å gå litt tilbake på vegen og be ein hjelpar om å følge eit stykke til, dersom ein opplever at det blir for tungt og krevande å gå åleine. Men ein hjelpar er berre ein hjelpar.

Det er ditt liv. Det er ditt ansvar. Det er din veg.🙂