24. jul, 2016

Å akseptere emosjonelle svingningar utan å forstå dei.

Ei tid med til dels store emosjonelle svingningar og kontrastar. Noko av det forstår eg og noko av det forstår eg ikkje. Og eg prøver å slå meg til ro med at eg ikkje treng å forstå alt heller.

For det første; kanskje er det ikkje er noko særskilt der i det heile teke som kan bli forstått.

For det andre; om det skulle vere noko der som skaper svingningane, så kan det hende at det vil koste meg altfor mykje å finne ut av det for å forstå.

Eg har komme så langt på vegen og eg føler at eg går i riktig retning. Det vil eg fortsette med. Eg vil ha fokuset mitt på her-og-no og på vegen vidare. Eg vil fram og opp og fokusere på muligheter. Eg vil ikkje ha fokus for langt inn meg sjølv. Eg er ferdig med det. Eg vil sjå utover. Og eg vil vidare fram og opp.

Difor må eg lære meg å akseptere at eg har til dels store emosjonelle svingningar og kontrastar som eg ikkje forstår.