21. jul, 2016

Når eit liv tek slutt er det godt å minnast noko fint.

Tankane mine går til ei ung dame som skal følgjast til si siste kvile på denne dagen. Ei fin og flott ung dame, med så mykje indre smerte at ho ikkje lenger ville vere i livet. Tankane mine går til henne. Eg kan sjå henne for meg. Eg kjente henne ikkje så veldig godt, men nok til å sjå at ho bar på tung indre smerte. Eg kunne kjenne det igjen. Men heldigvis fekk eg i løpet av den korte tida me var i samme fellesskap, også sjå at ho kunne smile. Eg såg at smilet ikkje nådde fram til augene hennar, men ho kunne smile. Eg fekk aldri høyre latteren hennar. Men eg kan hugse smilet hennar - eit smil med tristhet i augo, men likevel eit smil som eg kan hugse og ta med meg.

"Eg syns ikkje det er riktig at du ikkje er i livet lenger. Eg veit ganske mykje om å ha tung indre smerte, kor fryktelig vondt det kan vere. Eg veit, og eg unner deg fred for den. Men det skulle du jo ha fått i livet. Det gjer meg vondt å tenke på at du ikkje såg noko anna løysing enn døden for å få fred. Men du kom altså dit at du tok det valget. Eit valg som ikkje er mulig å gjere om på. Så kvil i fred no, kjære deg."