20. jul, 2016

Kan kjensla komme før tanken? Kan eg akseptere kjensla utan å forstå?

Tankar påverkar kjenslene våre. Det har eg skrive om fleire gongar. Når me tenker på noko særskilt, t.d. ein situasjon, eit menneske eller ei hending, vil biletet som me får av dette, røre ved kjenslene våre.

Men av og til opplever eg at kjensla på innsida kjem først. Eg opplever at eg "brått" kan bli nesten overmanna av nedstemhet og tristhet. Det oppleves som om det skjer brått, fordi det skjer inni meg utan at eg kan sjå ytre årsaker til det. Eg opplever at kjensla kjem først, og at den får fram triste tankar. Eg syns det er vanskeleg å forholde seg til dette. Det er vanskeleg å forstå. Det er vanskeleg å forstå at eg kan vere nedstemt og trist på innsida, når eg er ein stad på vegen min som eigentleg gjev grunnlag for optimisme, håp og glede. Det er vanskeleg å forstå at eg kan kjenne meg trist, når eg i tankane mine ser fine og gode framtidsutsikter. 

Eg syns det er vanskeleg å skulle jobbe kognitivt, når eg opplever at triste kjensler inni meg berre skjer. Dei berre skjer, sjølv om eg i tankane mine har fokus på det som er bra og godt. Eg forstår ikkje dette. I tankane mine ser eg fine og gode framtidsutsikter, men eg kan likevel føle meg trist. Og det kan eg ikkje forstå.

No er det jo slik at det er ikkje alt ein kan forstå seg på her i verda. Og når det kjem til kjensler, så kan vel gjerne det vere noko som berre skjer utan at ein alltid kan sjå konkrete årsaker til at ein kjenner dei...? Eller kanskje det er ei årsak, at det ligg noko under, men det er ikkje nødvendigvis det mest hensiktsmessige å leite fram den årsaka...? Av og til er det gjerne mest nyttig å ikkje prøve å forstå, men berre akseptere det ein føler...? Ja...det er kanskje det... Men det er ikkje alltid så lett. Eg er nok eit slikt menneske som har eit behov for å forstå for å kunne akseptere. Eg har behov for å forstå korleis 'ting' heng i hop. Og difor finn eg det vanskeleg  å akseptere eigne kjensler som eg ikkje heilt forstår.

Men så er det kanskje også slik at når ein lever med ein depresjonsdiagnose, så kan det forekomme svingningar i stemningsleiet som ein ikkje alltid forstår seg på. Kanskje er det slik at kjensler av nedstemhet og tristhet lever litt sitt eige liv inni oss, at dei berre skjer utan at det nødvendigvis er dei store, påviste årsakene til det...?

Ja, kanskje det er slik det er. Kanskje må ein av og til berre akseptere at ein føler noko som ein ikkje heilt forstår seg på. Ikkje lett (syns eg). Men.... som med så mykje anna, så er vel det også noko ein kan lære seg til å mestre gjennom trening. Mental trening. Ein kan trene seg opp mentalt til å akseptere og tåle kjenslene sine. Når ein har kjensler som ein ikkje heilt ser årsak til, kan ein t.d tenke slik: "Javel. No skjer det igjen. Eg kjenner noko inni meg, tilsynelatande utan bestemt årsak. Greitt. No er det slik det er, men det kjem til å gå over." Og om ein gjentar dette mange nok gongar, vil det kanskje bli litt automatikk i det...? Me mennesker har jo veldig lett for å la det gå automatikk i negativ tenkning.... Men det er kanskje mulig å lære inn automatiske, positive tankar også? Kanskje det, ja...

På vegen fram mot å mestre dette, går det jo an bruke STOPP-teknikken. Når ein kjenner på noko inni seg som ikkje nødvendigvis treng å bli analysert, kan ein seie STOPP! til seg sjølv når tankane byrjar å "grave" etter årsaker eller framkalle negative minner. STOPP, og finn på noko som avleder. For det vil ta tid å lære seg til å snu og/eller erstatte negativt med positivt, både mentalt og emosjonelt. Ting tar tid. Det er det eine. Men så er det også dette: Øving gjer meister.