18. jul, 2016

Tilbakesteg treng ikkje å vere eit permanent nederlag.

Eg valgte å dele offentleg at eg var klar for røykeslutt. Eg tok avgjerda for tre veker sidan, mandag 27. juni, og eit par dagar etterpå gjorde eg det kjent her på heimesida og på Facebook. Eg ville gjere det på den måten, fordi eg tenkte at det ville vere vansklegare å mislykkast når "alle" veit det.🙂

Sidan eg valgte å gå ut offentleg med det, er det også på sin plass å gjere det offentleg kjent at eg har hatt eit tilbakesteg. Ikkje eit stort, men eit lite tilbakesteg. Eg var vel førebudd på at det kunne skje, sidan eg valgte å gå for å bli røykfri midt på sommaren. Det er jo ei tid der ein er mykje utandørs, noko som gjer at det er meir lettvint å røyke.

Eg var altså førebudd på at det kunne skje, men når det skjedde så var eg aldri i tvil om at dette berre var ein liten "sprekk". I hovudet mitt laga eg ein plan for kortid eg skulle ta den siste sigaretten i tilbakestegsperioden, og eg har greidd å halde meg til den planen.

Fredag 15. juli 2016 er den nye offisielle datoen for min røykeslutt. 😉Eg går på igjen med like stor motivasjon, og skal gjere det eg kan for å få til å bli heilt røykfri!👍