17. jul, 2016

Kva er det som gjer at unge mennesker velger døden framfor vaksenlivet?

Seint i går kveld fekk eg vite noko trist. Eg fekk vite at ei ung dame som eg fekk bli litt kjent med denne våren, valgte å avslutte livet sitt tidlegare denne veka. Eg vart ikkje så veldig godt kjent med henne, men me var del av samme fellesskap i ein periode gjennom denne våren. Eg lærte henne å kjenne godt nok til at eg blir trist av å vite at ho ikkje lever lenger....

Eg hugsar veldig godt det første møtet med denne unge dama. Eg kom inn i forsamlingslokalet og la med ein gong merke til det som for meg såg ut som ei ung jente som helst ikkje ville bli sett. For meg såg det ut som ei ung jente som ville vere usynlig i verda, og slettes ikkje vere ein del av eit fellesskap i eit forsamlingslokale. Eg hugsar det så godt, fordi det eg såg der i den jenta, det var meg ein gong i tida. Eg hugsar at eg fekk veldig vondt av henne, samstundes som eg tenkte at eg verkeleg håpa og ønskte at denne jenta skulle komme seg ut av dette, og opp og fram i livet. Ho sat der, i det lokalet, og såg ut som ho helst ikkje ville bli sett. Men likevel løfta ho blikket litt, akkurat lenge nok til at ho møtte mitt blikk og eg fekk smile til henne og seie eit forsiktig "hei"... Eg kan ikkje hugse om ho svara meg. Men eg hugsar at ho møtte blikket mitt. Og eg veit (av eigen erfaring) at det må ha kosta henne mykje å møte nokon sitt blikk når heile henne signaliserte "ikkje sjå på meg"....

Eg vart ikkje så veldig godt kjent med henne, men eg kunne på mange måtar sjå meg sjølv i henne - meg sjølv for nokre år sidan. Det er vel gjerne difor det rører så sterkt i kjenslene mine å vite at ho ikkje lever lenger. Ho valgte å gi opp livet. Ho valgte døden, fordi ho hadde det så frykteleg vondt. Og det gjer meg vondt å vite at ho har hatt det så frykteleg vondt at ho valgte døden. Eg såg, i det første møtet, at ho hadde det vondt og trist. Eg håpa og ønskte for henne at ho skulle komme seg ut av det, og opp og fram i livet. Men slik vart det ikkje.

Så kan ein spørje seg; Kva er det som gjer at unge mennesker velger døden framfor livet? Kvifor greier me ikkje å fange opp deira behov og rop om hjelp? Kvifor greier me ikkje å sjå dei godt nok? Kvifor greier me ikkje å hjelpe dei til å sjå sin eigen verdi som mennesker?

I lys av det som har skjedd ute i verda den siste tida, med terrorangrep og tragedier, tenker me gjerne at me er heldige som har det så godt som me har det her i Norge. Men....det er vel noko som "skurrer" når så mange unge mennesker velger å avslutte livet sitt...? (ja, eg skriv 'så mange' fordi eg veit at det ikkje er usant). Er det blitt slik at me nesten har det FOR godt? At forventningar og press om å lykkast vert altfor stort? At forventningar og press om å vere så fordømt lykkelige vert altfor stort? Eg veit ikkje, eg. Eg gjer meg berre litt tankar rundt det, når eg veit at det er så mange unge mennesker som har det vondt psykisk. Mange har det så vondt at dei velger å dø framfor å leve vidare inn i vaksenlivet. 

Me må greie å fange opp desse unge menneska. Me må greie å sjå dei. Me må greie å sjå deira behov, og me må ta deira rop om hjelp på alvor. Me kan faktisk ikkje bagatellisere dei utfordringane som unge mennesker av i dag møter. Me har ikkje råd til å riste oppgitt på hodet av unge mennesker som føler at livet ikkje er verdt å leve dersom dei ikkje får nok "likes" på Facebook eller Instagram. Ja, noko er gale i samfunnet vårt når det har blitt slik, og det må me gjere noko med. MEN FØRST: Me må sørge for at born, ungdom og unge vaksne føler seg sett og hørt, og at dei opplever å bli tatt på alvor med det som for dei gjer livet vondt og vanskeleg! Me har ikkje råd til å bagatellisere, for då går unge liv tapt.

Ei ung dame, som eg fekk bli litt kjent med denne våren, er ikkje i livet lenger. Ei ung, fin og flott dame hadde det så vondt at ho valgte å dø for nokre dagar sidan. Ei ung dame som eg på mange måtar kunne kjenne meg igjen i.... Eg kunne sjå meg sjølv i henne, når eg var på samme alder. Men det er i allefall èin ting som er ulikt for henne og meg: Eg er framleis her, i livet, og eg har fått bli 48 år. Ho er ikkje her lenger, i livet. Eg veit ikkje om ho rakk å fylle 30 år....

Eg hugsar det første møtet vårt, og eg kjem til å hugse henne lenge, lenge, lenge....  Eg kjenner på sorg, sjølv om eg ikkje vart så veldig godt kjent med henne. Eg unner henne fred frå indre smerte, men eg skulle ønske ho kunne fått det i livet.