16. jul, 2016

Terror i verda og tankar om livet.

14. juli 2016. Terrorangrep....igjen. Frankrike markerer sin nasjonaldag. På ein strandpromenade i Nice tek ei festleg markering brått slutt. Ei festleg markering vert til ein frykteleg tragedie. Ein ung mann køyrer ein lastebil, målretta og i full fart, inn i folkemengda som markerer Frankrike sin nasjonaldag på ein strandpromenade i Nice.....

Det er som om verda vert mindre og mindre. Før i tida var det liksom slik at grusomme hendingar som dette, skjedde langt vekke. Det var fjernt. Så fjernt at det kunne vere vanskeleg å verkeleg forholde seg til. Grusomt, sjølvsagt. Men for fjernt til å verkeleg røre ved kjenslene våre, kanskje? No kjem slike grusomme hendingar nærare og nærare innpå oss. Verda vert mindre og mindre.

Det får ein jo til å tenke og reflektere litt. Det gjer i allefall eg. Eg tenker meir og meir på at det er viktig å gjere det ein kan for å leve det livet ein ønskjer å leve. Det er viktig å gje livet sitt det innhaldet som gjer at ein føler seg bra, og har det fint og godt. Det er viktig å ha riktig fokus i sitt eige liv. Det er viktig å ta valg som gjer at ein kjenner seg glad i livet. Å gje livet innhaldet som ein ønskjer, fokusere på det som gjer ein godt, og ta valg som fører fram til dette, er viktig. Det er viktig, og det er lov. Det er lov til å velge livet sitt sjølv. Velge fokus og innhald som gjer at ein kjenner livsglede.

Det er som om verda vert mindre og mindre. Grusomme hendingar kjem nærare og nærare innpå oss. Den velkjende klisjèen om at "Livet er kort" er liksom ikkje så klisjè lenger.....

-Kortid passar da å ta tak i draumen din,
vist ikkje no?

Kortid passar da å unna seg da besta,
vist ikkje no?

Kortid passar da å seia:
"Eg elskar deg", springa barbeint i graset på livets veg,
visst ikkje no?

Kortid skal du slutta å bry deg om kva alle andre syns,
visst ikkje no?

Kortid skal du elska deg sjølv for den du er,
visst ikkje no?

Kortid skal du tørra visa ditt sanne "EG", den som du verkelig er
som er HEILE deg,
visst ikkje no?

Eg undrast berre på om du også kjenner
At livet mesta renn ut mellom hender
som sand i eit timeglas.
Grått er det tomt.
Utanfor glar sola. Snart er da skumt...,

Du kan ikkje venta i all æva.

-kortid skal du våga å leva,.....
-VIST IKKJE NO? - (skrive av Linda Fosse)