9. jul, 2016

Skulle-burde-greier. Kven bestemmer?

Eg burde eigentleg (...)  Eg skulle vel ha (...) Jaudå. Det ville ikkje ha vore noko problem å lage ei liste over "skulle-burde-greier".🤭 Det er alltid noko som "skulle-burde" vore gjort av praktiske ting. Og det finst også "skulle-burde-aktivitetar" som vil vere bra for kropp og sinn. Jaudå. Eg kunne lett ha laga ei liste over "skulle-burde". 😉

Men - når eg tenker litt meir over det; Kvar kjem desse "skulle-burde-greiene" frå? Kven definerer "skulle-burde"...? Kven er det som bestemmer kva som "skulle-burde"....?

Er det samfunnsforventningar som gjer at me tenker at me "skulle-burde"...? Det er nok litt sånn, tenker eg. Og så litt det at me samanliknar oss med andre. 

Eg har ein del "skulle-burde-greier" i dag. Men når eg tenker litt meir over det - ikkje noko av det er absolutte "skulle-burde-greier". Ikkje noko av det er "greier" som gjerast. Det skjer liksom ikkje noko skade om det ikkje vert gjort. EG kan bestemme om eg "skal-bør" eller ikkje. Kvifor skal eg tenke på samfunnsforventningar og kva andre ville gjort, når det føles som eit press og ikkje lystbetont? 😉

Så eg spør meg sjølv: "Kva vil DU helst bruke denne dagen til? Kva kjennes mest riktig for DEG, akkurat i dag? 

Ok. Då har eg fått eit svar. Eg har fått svar på kva eg skal bruke denne dagen til. Akkurat i dag er det ein slik dag der eg ikkje vil ha ein plan over aktivitetar og gjeremål. Akkurat i dag vil eg berre gjere "ingenting". Og eg står faktisk heilt fritt til å kunne velge det. Dei "skulle-burde-greiene" eg velger vekk i dag, vil ikkje gå ut over nokon andre. Det einaste som kan vere litt negativt med det, er at noko av det må eg ta igjen seinare, eller ein anna dag. Men, greitt. Då gjer eg det. Eg tar det seinare eller ein anna dag. Fordi det kan eg.🙂

Eg står fritt til å bestemme sjølv. "Skulle-burde" fordi ytre normer og forventningar definerer det som vanleg? Nei, ikkje i dag. I dag gjer eg det som EG helst vil. Eg gjer det som kjennest mest riktig for MEG i dag!🙂👍