8. jul, 2016

Eit verktøy for lange, passive dagar.

Dagar som er prega av kroppslege helseplager. Til tider er 'vondten' såpass intens at kroppen rett og slett krever å få vere i ro. Det blir lange dagar når kroppen bestemmer at eg må vere i ro. Lange dagar i passivitet kan bli litt farlege for den psykiske formen. Passivitet og fysisk ro gjev gode vilkår for tankekverna. Difor er det viktig å finne eit verktøy som gjer at ein kan halde negative tankar på avstand, også når ein må vere i ein litt passiv tilstand reint fysisk. Eit verktøy som fungerer for meg, er å lytte til lydbok. Som medlem i ein bokklubb, kan eg laste filer med lydbøker ned til PC'en min. Enkelt og greitt, godt utval og til greie prisar. Når eg lytter til lydbøker, blir tankane mine opptekne av å danne seg bilete av den historien eg lyttar til. Så i tillegg til at negative tankar blir halde på avstand, får eg faktisk brukt tankane på ein litt kreativ måte. 

Eg har alltid vore glad i å lese bøker. Og det er noko med å opne ei bok i den gode, gamle papirutgåva, lese og bla seg gjennom frå side til side. Det har ein verdi som ikkje kan erstattast av elektroniske bøker og lydbøker, etter mi meining. Men det kan vere perioder eller ulike grunnar til at det å lese bøker på den måten kanskje blir litt vanskeleg. Og då syns eg dette med lydbok er eit godt alternativ, og noko som eg gjerne anbefaler andre å prøve.🙂