5. jul, 2016

Slutta. Eg vil. Eg kan.

Eg er ikkje meir vaksen enn at eg syns det er litt artig med ein slik røykeslutt-appVinkerNo har det gått ei veke sidan eg tok avgjerda, og eg er faktisk litt overraska over at det har gått så fint. Det kjem gode råd frå slutta-appen "tikkande" inn på mobiltelefonen min, men så langt har desse råda eigentleg ikkje vore nødvendige for meg. Eg har ikkje hatt behov for å lytte til desse for å greie å halde meg røykfri. Eg tenker at grunnen til at eg opplever det mindre vanskeleg enn eg frykta, er at dette var ei avgjerd som var fullt og heilt mi eigen - eg gjorde det fordi EG SJØLV ville dette no, og ikkje fordi eg vart sterkt råda eller pressa til det. Og så langt er alt vel. Eg er framleis motivert og ved godt mot! Eg vil. Eg kan. LikerWhow