3. jul, 2016

Ei lita glede med stor betydning!

Meldekort er sendt. I dag igjen. Eg har halde på med det i ein lang periode no. Sende meldekort til NAV kvar 14. dag. Arbeidsavklaringspengar.

Eg har bladd meg framover i tid på kalendaren min i dag. Eg skal sende meldekort til NAV tre gongar til. Berre tre gongar til! 🙂Eg er snart heilt ferdig arbeidsavklart! 👍Eg skal snart tilbake til arbeidslivet. Eg skal inn i arbeidslivet igjen, på ein måte som passar for meg! Eg er heldig.

Eg kjenner glede over å vite at eg skal sende meldekort berre tre gongar til!

Ei lita glede med stor betydning!🙂