2. jul, 2016

Det er lov å gå ned i den mørke kjellaren av og til, men ikkje bli der for lenge.

Tanken påverkar kjensla. Det me tenker på rører ved kjenslene våre. Det er mulig å lære seg å ta styring over kva tanke ein vil ha i hovudet sitt - akkurat her og no. Det er mulig å erstatte ein vond og trist tanke med ein gledelig tanke. Difor er det så viktig å lære seg å vere meir bevisst på sine eigne tankar. Det er viktig å bli kjent med sine eigne tankar, å erkjenne sine eigne tankar og det er viktig å akseptere sine eigne tankar - dette er meg og slike tankar har eg. Dersom ein skal lære seg å jobbe kognitivt for å gjere ein situasjon (liten eller stor) betre for seg sjølv, er det faktisk nødvendig å gjere alt dette. Ein må kjenne og akseptere sine eigne tankar for å kunne gjere noko med dei. Ein er det ein tenker. Det er ein filosofi som fleire "store" har sagt noko om. Det er nok slik det er. Og ein skal ikkje fjerne alle tankar som gjer ein til den ein er. Det går ikkje an heller, etter mi meining. Men dersom ein har laga seg tankemønster som er uhensiktsmessig og øydeleggjande for seg sjølv, er det på tide å sjå litt nærmare på om det kan vere lurt å erstatte nokre av desse tankane med andre tankar. Bryte det negative tankemønsteret med å putte inn andre tankar som er nyttige og hensiktsmessige for ein sjølv. Og det fine er, at det er det faktisk mulig å lære seg å gjere!🙂

"Tenk positivt! Ha fokus på livets lyse sider!" Ja. Det er ein fin filosofi, det. Men det må vere ekte! Overdreven positivitet... Nei. Det blir feil, for meg iallefall. Det er ikkje nødvendig å alltid tenke positivt. Det er lov å synast at livet er vondt og vanskelig. Det er lov å eige sine eigne tankar om å synast at livet går i mot ein. Det er lov å bryte saman, vere svak og liten, la tårene komme...Det er lov å kjenne på vonde og triste kjensler. Det er lov å ta turar ned i ein emosjonell mørk kjellar av og til. Det er er lov. Men det er viktig å ikkje "pakke ut" og bli der. Det er viktig å ikkje stenge døra på toppen av kjellartrappa heilt igjen og velge å slå seg til der nede i den mørke kjellaren. Døra må få stå litt på gløtt, sleppe inn ei lita stripe av lys, slik at ein ser muligheten til å gå opp trappa igjen. Det kan vere fryktelig vanskelig å reise seg frå kjellargolvet og ta steget opp på det første trappetrinnet. For nokre kan det vere umulig å få til på egenhånd. Men om døra der opp står på gløtt, kan ein rope om hjelp. Eller iallefall lage ein lyd av noko slag, dersom ein er for sliten til å bruke stemmen. For der oppe, på den andre sida av døra, går verda sin vante gang, den. Verda der ute er som den pleier, sjølv om det ikkje virkar sånn for den som sit nede i den mørke kjellaren. På den andre sida av døra -der oppe- er det mennesker. Der er det mennesker som kan opne døra litt meir, frå den andre sida, slik at det vert meir lys i trappa. Der oppe, på den andre sida av døra, går verda sin vante gang, og der finst det mennesker som kan gje ei hjelpande hand dersom ein treng det. Av og til treng ein det, at nokon hjelper. Andre gongar kan det vere nok å vite at døra der oppe står på gløtt. Det kan vere nok å sjå den smale lysstripa frå verda på den andre sida av døra der oppe. Når ein har vore der nede i den emosjonelt mørke kjellaren ei stund og gjeve seg sjølv lov til å kjenne på det som ikkje er så greitt i livet, så kan den vesle stripa av lys vere nok til at ein vil reise seg og gå opp trappa igjen igjen.

Ei dør på gløtt som gjev ei lita stripe av lys - det er det som er HÅP!🙂