29. jun, 2016

No er eg der. Eg gjer det. I dag berre gjer eg det.

For to dagar sidan tok eg ei avgjerd. Ei viktig avgjerd. Eg har alltid sagt at ei slik avgjerd kan eg ikkje ta før EG SJØLV kjenner at no er eg DER - no er eg klar! 

For to dagar sidan vart det heilt klart for meg: eg har ingen glede av dette lenger. Ingen glede, berre plager. Eg kjente at NO er eg DER - no er eg klar! Eg gjer det! I dag berre gjer eg det!

For to dagar sidan, mandag 27.06.2016 kl. 05.30, gjorde eg det slutt med min Prince...!

Eg er berre eit menneske, og 100% garanti kan eg ikkje gje. Men eg ønskjer og håpar og skal gjere så godt eg berre kan for at Prince (og andre i same "slektskap") ikkje skal bli ein del av livet mitt igjen.

Eg ønskjer verkeleg at dette skal vere "Farvel, min Prince" - for evig og alltid.