28. jun, 2016

Inaktivitet er meir vondt enn aktivitet.

Nok ein gong kan eg konstatere at inaktivitet ikkje er bra for dei 'vondtene' eg har i beina og ryggen. Av ulike årsaker, har eg ikkje fått bevege meg og gått så mykje på tur den siste tida. Og det er merkbart at ledd og muskulatur stivnar når kroppen er for mykje i ro. Den formen for 'vondter' er faktisk meir ubehagelig enn om eg kjenner på litt leddsmerter etter belastning. Dessutan så har den mentale helsa mi behov for å vere ute i naturen. Det har heilt klart blitt for lite av det den siste tida. Men no trur eg at det som har bremsa litt for meg i ein periode, er klart for å prøvast ut. 

Kroppen treng å få røre på seg, og eg treng det påfyllet som den mentale helsa får av å vere ute og gå. Eg må ut i dag - ut og gå!🙂