26. jun, 2016

Når varsel-lampen blinkar.

Somatisk sjukdom. Fysisk smerte. Det greier eg ikkje å tenke meg vekk i frå. Eg kan jobbe kognitivt. Eg kan jobbe med tankane mine, prøve å ikkje bli overmanna av negative tankar knytta til somatisk sjukdom med fysisk smerte. Eg veit jo at det ikkje er farleg. Det er smertefullt, men ikkje farleg. Og det nærmar seg min tur i køen for undersøking i spesialisthelsetenesta. 

Eg prøver, og har prøvd ei stund no, å bruke dei kognitive teknikkane eg kan, for å håndtere og tåle dei fysiske smertene. Eg blir sliten. Det er slitsomt å måtte mobilisere mentalt heile tida for å fungere gjennom dagane med somatisk sjukdom som har fysisk smerte. Energilageret vert tappa. Eg er veldig sliten, både fysisk og mentalt. Og eg veit av erfaring at dersom eg lar det gå for langt med det å bli så sliten, så vil det 'trigge' depresjonen. Eg kjenner at tendensen er der. Eg kjenner igjen mine depressive symptom. Eg ser ein varsel-lampe som viser fare for å komme utanfor toleransevinduet mitt. 

Men no nærmar det seg min tur i køen. Det nærmar seg time hjå legespesialist som skal gje meg hjelp til å bli frisk frå somatisk, smertefull sjukdom (håpar eg). 

Eg må greie å halde ut. Eg må tåle det ei stund til. Det nærmar seg min tur i køen. Eg skal snart få hjelp med somatisk, smertefull sjukdom.

Eg ser varsel-lampen som viser fare for at eg skal komme utanfor det psykiske toleransevinduet mitt. Eg ser den. Eg ser at den blinkar for å varsle meg. Det ser eg.