23. jun, 2016

Svingande stemningsleie. Eit fenomen som eg ikkje treng å forstå?

Svingningar i stemningsleiet - eit litt rart fenomen. Litt rart at det kan snu så fort, heilt av seg sjølv. Det kan snu frå gode kjensler til triste kjensler utan at ein ser konkrete årsaker til det. Og det kan snu frå triste kjensler til gode kjensler utan at ein ser konkrete årsaker til det. 

Kanskje det er i fin måte å sjå det på - som eit fenomen? Eit fenomen som berre skjer, og at det ikkje er nødvendig å analysere og prøve å forstå?

Om ein greier å sjå slik på det, kan det vere lettare å både tåle og akseptere. Særleg når svingningane går nedover. Det er ikkje alltid det er hensiktsmessig å analysere og prøve å forstå. Og i nokre tilfeller er det kanskje ikkje noko der å analysere heller. 

Ein depresjonsdiagnose betyr at det er noko som ikkje stemmer med signalstoffa i hjernen. Det kan rett og slett ha med kjemiske prosessar i hjernen å gjere. Eg kan ikkje nok om dette medisinsk sett til å skrive noko meir om det her. Eg ynskjer berre å få fram at svingningar i stemningsleiet kan oppstå utan at ein ser konkrete årsaker frå ytre hendingar.

Svingningar i stemningsleiet kan vere noko som berre skjer, utan at ein ser konkrete årsaker til det.

Svingande stemningsleie. Eit fenomen som eg ikkje treng å forstå? Ja. Eg velger å sjå slik på det. Det berre skjer. Det kan svinge ned når eg er oppe, og det kan svinge opp når eg er nede. Slik er det berre - eit fenomen som eg ikkje treng å analysere og forstå.