23. jun, 2016

Nedstemt - utan grunn?

"Natta har gått og lagt seg, og dagen stod aldri opp. Hva som egentlig gikk i vasken er ikke lett å si, min venn. Gleden har hull i lomma, kan noen sy det igjen.." (Anne Grete Preus)

Slik kan det vere. Nokre gongar kan ein kjenne på nedstemthet sjølv om ein har grunn til å vere tilfreds og fornøyd med livet. Ein kan kjenne på nedstemhet som kanskje ikkje gjev noko meining, som ein ikkje forstår seg på... fordi ein har grunn til å vere tilfreds og fornøyd med å vere på den rette vegen med god utsikt framover. I nokre tilfeller kan det vere nødvendig å finne ut av kva denne nedstemtheten handler om for å kunne bevege seg vidare framover på vegen. Andre gongar kan det vere best å ikkje søkje etter svar og årsak til nedstemtheten. Det kan vere meir klokt å sjå på det som ein forbigåande bølgedal, utan å søkje og leite for å forstå og finne svar. Kva som er mest riktig vil vere individuelt. Det kan vere avhengig av kvar ein er og kor langt ein har gått på vegen sin. Det kan vere lurt å stille seg spørsmålet; kva er nyttig og hensiktsmessig - her og no? Er det nyttig og hensiktsmessig å bruke energi og tid på leiting etter svar og årsak - her og no? Eller er det nyttig og hensiktsmessig å berre akseptere det som ein bølgedal og tåle å stå i det? Det er gjerne vanskeleg å finne ut sjølv kva som er mest klokt av desse to alternativa. Av og til er det fint, og kanskje nødvendig, at nokon hjelper ein litt med å sjå kva som er det riktige å gjere.