22. jun, 2016

Det kjem dagar der fargar og lys mister kraft.

Det kjem dagar med kjensle av nedtur. Det kjem dagar der fargar og lys mister kraft. Det kjem dagar der eg kjenner at eg har det litt tungt inni meg. Slike dagar kjem. Slike dagar vil komme no og då - gjennom resten av livet. Eg veit det. Eg må leve med det. Men slike dagar er likevel ikkje lette å takle. Eg har lært mykje om korleis eg skal komme meg gjennom slike dagar. Og eg gjer så godt eg kan med å bruke teknikkar og metodar som eg har lært. Men det er ikkje lett. Sjølv om det finnes metodar og teknikkar å bruke, så vert ikkje kjenslene inni meg snudd om med eit "knips".... SÅ lett er det ikkje. Langt i frå! 

Det er krevande. Eg må verkeleg jobbe med meg sjølv og med tankane mine. Når kjensler på innsida har nesten fysisk tyngde og fargar og lys i tilværet mister kraft, er det krevande å halde fast på det som er bra og fint med livet. Det er krevande å ta grep for å finne avledning. Med fysisk tunge kjensler på innsida og eit tilvære med svake fargar og lys, er det ikkje lystbetont å gjere noko. Difor er det krevande å ta grep og gjere konkret handling for å finne avledning. 

Slike dagar kjem. Eg veit det. Slike dagar vil komme no og då. Dei vil komme igjen og igjen, resten av livet. Eg veit.

Ein forskjell frå tidlegare, er at no har eg meir verktøy å bruke på slike dagar. Men kjensla... Kjensla på innsida er som før. Kjensla på innsida er like tung og vond som før. Difor er det krevande.