14. jun, 2016

Å vere seg sjølv.

Me les og høyrer stadig at det er viktig å vere seg sjølv, at det er viktig å vere den ein er og kunne stå for det. Og det er det. Det er viktig og bra. Å vere trygg på seg sjølv, føle seg tilfreds med seg sjølv og det livet ein har, vil gje meir ro. Det blir meir ro på innsida, og mindre stressande å fungere i kvardagen.  Når ein greier å bry seg mindre om kva andre kanskje tenker og trur om ein, får ein liksom frigjort så mykje plass i seg sjølv.KulNår det blir mindre viktig å prestere berre for at ikkje andre skal ha noko å seie om deg, vert ein meir modig. Ting som ein før ikkje torde å gjere av frykt for å ikkje nå opp til det som andre greier, vert plutseleg til positive utfordringar som ein har lyst til å prøve seg på. Det å kunne vere seg sjølv - verkeleg kjenne at 'dette er meg' og vere tilfreds med det, gjev fridom. Det gjev fridom til å lære, erfare og utvikle seg.KulDet er viktig og bra å vere seg sjølv, fordi det gjev fridom.Kul

Som eg innleia med, så er dette noko som me les om og høyrer om heile tida, og alle framsnakkar dette og syns det er SÅ bra. Tema om at me er gode nok akkurat sånn som me er, som enkeltindivid, er i "vinden" som aldri før. Og me syns alle at dette er SÅ bra. Men likevel så er det mange av oss som streber etter å liksom passe inn i ei norm (?) Det er viktig og bra å kunne vere seg sjølv, men samstundes er det viktig å vere som alle andre...? ForvirretÅ vere einig berre i teorien om at det er bra å vere seg sjølv, gjev ikkje fridom. Det gjev ikkje fridom å snakke om det eller skrive om det på sosiale media og slikt, dersom me samstundes er livredde for å faktisk vise det. Det er skilnad på ord og handling.Vinker

Me er visst litt merkelige, me menneske. Me er einge i gode teoriar og livsfilosofiar, men vågar ikkje å faktisk stå for det og vise det med handling utad. Og det er jo ikkje akkurat lett heller, å kunne vere seg sjølv som enkeltindivid, i eit samfunn som på mange måtar legg opp til at alle skal passe inn i ei norm. Alle skal på sett og vis vere like. 

Eg har gått vegen fram til dit at eg no opplever meg sjølv som mindre oppteken av kva andre kanskje tenker og trur og meiner og syns og så vidare.VinkerEg er tryggare på meg sjølv. Eg er meir tilfreds i livet. Eg har blitt modigare, og gjer ting som eg før såg på som heilt uaktuelle. Og den kjensla av fridom er det som får meg til å gå stadig vidare framover på vegen min. Det er den kjensla av fridom som hjelper meg med å finne vegen igjen ved avsporingar, som hjelper meg med å reise meg igjen når eg snublar og ramlar. Den kjensla av fridom vil eg ikkje miste. Eg har gått ein lang veg og jobba hardt for å få tak i den.

Den kjensla av fridom unner eg alle å få kjenne på.Smiler