10. jun, 2016

Eg vil gje meg sjølv lov til å vere lei, frustrert og sint.

Finne avledning, snu om på tankar, fokuser på det fine og gode.... Ja, eg veit jo det. Eg veit at eg kan det. Men av og til.... Av og til kjem ein til eit punkt der ein berre vert så lei - sliten, lei, frustrert!

Ei kraftig forkjøling på julafta 2015. Det var der det starta. Fleire legebesøk og medisinkurar gjennom dei to påfølgjande månadane. Samstundes ei hektisk tid med aktivitet på vegen tilbake til jobb. Av-og-på-periodar med somatisk sjukdom - ikkje veldig sjuk, men likevel krevande å fungere til tider. Eg har brukt det eg har lært om å jobbe kognitivt. Eg har jobba mentalt med meg sjølv for å ikkje bli "slått ned" psykisk av kroppslege plager. Det syns eg at eg har greidd bra. Eg er ikkje "slått ned" av det. Men - eg er lei. Eg er lei av å gå med litt sånne udefinerbare kroppslege plager som brukar av overskuddet mitt. Eg er lei av det. Eg er sliten. Eg har kjent på det ei stund no - at det har forverra seg. Men eg har jobba mentalt med meg sjølv, og eg har prøvd så godt eg kan å "stå på" i kvardagen min. 

I kveld har eg gått tom. Eg er frustrert. Litt sint også, faktisk! Eg har smerter, og det ser ut til at eg er på stigande feber. Eg er tom for overskudd til å finne avledning, snu om på tankar, fokusere på det fine og gode. Eg er tom, men ikkje heilt "slått ned" psykisk. Eg kjenner at det er noko som rører seg inni meg. Det er frustrasjon. Det er litt sinne. Og det er bra, det. Det er eit framsteg for meg å kjenne på det, i stadenfor å "gå i kjellaren" psykisk over somatisk sjukdom som eg ikkje kan styre vekk ved hjelp av min opparbeida kompetanse på kognitiv jobbing.

Eg er lei. Eg er sliten. Eg er frustrert og litt sint! Eg veit at det alltid er nokon som har det verre. Eg veit at det alltid er nokon som har mykje større sjukdomsplager å hanskast med. Og om det er nokon av dykk som les dette innlegget og reagerer på det, så gjentek eg; eg veit at det er mange som har det verre, og det er ikkje i mi meining at nokon skal føle seg såra eller støytt av at eg klager over mine plager. Eg veit... eg veit at mange har større plager å hanskast med.

Men i kveld er eg lei, sliten, frustrert og litt sint over det som er mine plager. Og i kveld vil eg gje meg sjølv lov til å føle det sånn!