8. jun, 2016

Det me ser, er farga av det me føler inni oss.

Eg er glad i meiningsfulle sitat og visdomsord. Nyleg las eg eit av ukjent opphav, som verkeleg traff meg:

"For noen er verden lyseblå, for noen er den mørkegrå. Jeg tror at det er ens humør, som gir verden den rette kulør."

Dette er noko eg kjenner meg igjen i. Og eg er sikker på at mange andre gjer det òg. Når ein føler seg nedfor, trist, tungsindig og mørk på innsida, er det akkurat som om verda rundt ein manglar fargar. Når ein føler seg glad og lett og lys til sinns, ser ein ei fargerik og lys verd rundt seg. Når ein er mørk og tung på innsida, ser ein verda gjennom eit lag med grå tåke. Når ein er lys og lett på innsida, ser ein klart og oppfattar fargane. Ja, for fargane er jo alltid der. Fargane der ute blir ikkje borte sjølv om ein i periodar av livet opplever at dei er det. Det me ser med augene våre, er farga av det me føler inni oss. 

Ei klok og svært dyktig dame lærte meg at verda der ute er jo akkurat som den pleier uansett korleis eg har det på innsida. Verda der ute veit ikkje korleis eit enkeltmenneske har det på innsida til ei kvar tid. Verda der ute går jo sin gang uavhengig av kva enkeltmenneska føler på innsida. Det kan vere veldig nyttig å tenke på det når ein har oppleving av at alt er berre mørkt, tungt og trist. Verda der ute går sin gang, den. Verda der ute har fargar som ventar. Og tåka vil alltid lette, før eller seinare, slik at det er mulig å sjå fargane igjen. 🙂