2. jun, 2016

Strekk deg mot ny mestring med det utgangspunktet du har.

Lege og professor i sosialmedisin, Per Fugelli, har mange gode, filosofiske tankar om livet. Nyleg las eg nokre kloke ord av han som eg ikkje har kjent til før: "Prestasjon er bra. Men du må være din egen målestokk og unngå overdose." Godt sagt, sant?

Uansett kva utfordringar, plager og diagnosar ein lever med, så har alle også ressursar og friske "delar" i seg. Om me har begrensningar på nokre områder, så betyr ikkje det at me ikkje kan utvikle oss. Det kan me. Me kan utvikle og styrke dei ressursane me framleis har i den friske "delen." Me kan strekke oss mot mestring med dei ressursane me framleis har. 

Men me menneske har ein tendens til å samanlikne oss med "alle andre" og det er då det blir problematisk. Dersom eit menneske med store helseutfordringar samanliknar seg med eit menneske som har litt mindre helseutfordringar, og forventar å oppnå akkurat det same, så ender det mest sannsynleg med skuffelse og nederlag. Det seier seg eigentleg sjølv, fordi dei to menneska har ulikt utgangspunkt og difor også ulike forutsetningar.

Som eg har skrive om før; eg har lært mykje langs min veg i livet. Eg har lært mykje av det eg har møtt på vegen min, av smått og stort. Eg har lært meg korleis eg kan komme meg forbi utfordringar og hinder som dukkar opp langs vegen. Eg har sett at eg kan. Eg har etterkvart sett sjølv dei ressursane som andre har fortalt meg at eg har. Eg har utvikla meg. Eg har styrka dei ressursane som kan gje meg mestring. Og eg utviklar meg framleis. Eg strekker meg etter nye mestringar. Men no strekker eg meg ut i frå mine ressursar og evner. Eg måler mestring ut i frå mine ressursar og evner. Eg er min egen målestokk! Eit døme: Eg joggar eit par hundre meter vs Ein godt trent person spring opp Stoltzekleiven (Bergen) på 15. minutt. Me har begge to prestert godt, etter vår individuelle målestokk! Ser de den?

Det er bra å strekke seg mot utvikling og mestring. Det kjennes godt å prestere og mestre. Men hugs at du treng ikkje å konkurrere med nokon andre enn deg sjølv. Strekk deg mot mestring med din egen målestokk. Og, ikkje minst; Aksepter at du ikkje kan greie det same som "alle andre" på enkelte områder i livet. Aksepter dine begrensningar, og ikkje press deg sjølv for langt. "Unngå overdoser."

"Prestasjon er bra. Men du må være din egen målestokk og unngå overdoser."