1. jun, 2016

Å finne avledning når tankestraumen aksellererer.

Det er vel liten tvil om at det å stenge seg inne og berre bli sitjande med tankane sine fører til at tankestraumen aksellererer. Og når tankane er negative og nedbrytande, er det særleg "farleg" å la dei få lov til å halde på. Èin negativ tanke genererer ein ny negativ tanke som genererer enno ein negativ tanke, og så vidare... Tankane går i ein nedadgåande spiral og bryt oss meir og meir ned.

Låg de merke til at eg skreiv "å la dei få lov å halde på"...? Ein opplever gjerne at tankane berre kjem og tek overhånd. Ja, det gjer dei forsåvidt også. Men det er faktisk mulig å ta litt styring over tankane sine. Det er mulig og sjølv ta grep for at tankane ikkje skal ta overhånd.

Som eg har skrive om før, så er det mulig å trene seg opp til å instruere tankane. Det er mulig å trene seg opp til å berre bestemme seg for at no skal eg ikkje tenke meir på det. Eg har skrive om korleis eg har lært å bruke ein stopp-teknikk. Rett og slett berre seie "STOPP! Ikkje tenk på det!"  Mange vil nok tenke og meine at dette er umulig å få til. Det gjorde eg også når eg fekk introdusert denne teknikken. Eg argumenterte: "jammen, det går jo ikkje an å berre slutte å tenke tankar!" Svarte eg fekk? Det var kort og greitt: "Jo, det går an."

Det er nokre år sidan denne teknikken vart introdusert for meg. Men eg er framleis i ein treningsfase med å bruke den. Av og til fungerer det, og andre gongar fungerer det ikkje. Det er ikkje lett. Det krever trening. Det krever gjentaking, mange gongar. Men..."Jo, det går an!"

Mi personlege erfaring er at den "enklaste" måten å bremse negative tankar på, er gjennom avledning. Rett og slett gjere noko, fysisk gjere ei handling, som får tankane over på noko anna. Det treng ikkje vere så mykje som skal til, og det er individuelt kva som kan fungere. Nokre kan finne avledning gjennom t.d. å lese, løyse kryssord/sudoku, strikketøy, hagearbeid, og så vidare.

Det som definitivt fungerer best for meg, er å komme meg ut av leiligheten, og aller helst gå meg ein tur. Dette er også noko som eg har lært meg til. Eg har lært, og etterkvart fått erfaring på at det er bra for meg og gjer meg godt. Eg har lært meg å bli glad i å vere ute, i all slags vèr. Eg har lært meg til å bli glad i å vere litt fysisk aktiv. Eg har lært meg å legge merke til og setje pris på alt det fine som finnes ute i naturen. Og når naturen og alt det fine som finnes i den får merksemda mi, blir negative og nedbrytande tankar så mykje mindre viktige. Dei mister kraft og må vike for det som er fint og godt å tenke på.

Men så er det no slik, at av og til bestemmer kroppen, og det er nødvendig at eg held meg inne og litt i ro. Og det har blitt slik at det kan vere ei utfordring for meg å vere i ro for lenge. (utruleg, men sant🤪)

Å halde negative tankar på avstand utan å gå ut og gå på tur, eller gjere anna aktivitet, kan av og til vere vanskeleg. Men eg trener på det òg. Eg held fram med å trene på stopp-teknikken, og eg held fram med å trene på å finne avledning og ro med andre metodar enn det å vere ute og i fysisk aktivitet. Ting Tar Tid 😉 Men eg trener! Eg trener på det òg! Eg trener, og har tru på framgang og resultat! 🙂