30. mai, 2016

Me har livet. Me kan bruke det. Me kan leve!

Eg har lese ein dødsannonse i dag, og eg kjenner at det gjer noko med meg. Ei sår kjensle. Eg har ikkje noko relasjon til dette mennesket som no har gått bort - ikkje eigentleg, men eg er kjent med kven vedkommande er. Eg veit ikkje heilt kvifor det kjennes så sårt.  Kanskje fordi dette er eit menneske som er omtrent på min alder? Til og med litt yngre enn meg... Kanskje fordi eg hugsar så godt ansiktet til dette mennesket? Eit ansikt som alltid hadde smil på. Eit ansikt som alltid var strålande. Slik var det i allefall dei gongane eg såg dette ansiktet. Eg såg det eigentleg ikkje så ofte, dette ansiktet, men eit smilande ansikt som kunne stråle slik - for meg såg det så genuint ekte ut at eg har eit bilete av at dette mennesket var akkurat slik, store delar av tida. Det er kanskje difor eg kjenner det så sterkt inni meg? Smilande, livsglade menneske på min alder skal ikkje dø. Det er heilt feil, det. Men...det skjer likevel. Eg veit det. Av og til skjer slikt, utan at me forstår. Det er berre sånn det er. Døden skjer, og me forstår ikkje alltid.

Det får meg til å tenke; livet skjer også. Ofte lar me det berre skje. Me flyt med i livet som skjer. Men tenk på kor heldige me er, som har livet. Og me har mulighet til å leve det, verkeleg leve det! Me kan sjølv velge å forme det. Me kan gje det innhald. Me kan ta valg som gjev livet eit innhald som me trives med. Me kan forme det på vår eigen måte.

Døden skjer, og me forstår ikkje alltid. Men livet - livet kan me forme og gje innhald. Me kan velge å ikkje berre flyte med livet som skjer. Me har livet, og me kan bruke det. Me har livet. Me kan leve!

Eg har lese ein dødsannonse. Eg har eigentleg ikkje noko relasjon til dette mennesket. Men likevel kjenner eg at det gjer noko med meg.

Eg kjenner ingen av dei næraste til dette mennesket. Eg tenker på at dei må ha det frykteleg vondt. Når eg, som ikkje har noko meir enn eit navn og eit strålande ansikt i minnet, kjenner det så sårt - då tenker eg på at dei næraste må ha det frykteleg vondt.