22. mai, 2016

Ansvar for eige liv - ikkje berre finne feil utanfor seg sjølv.

"Det er mange nok som vil Domar vera, og le åt alt som dei andre gjera. Og lyte finna dei rundt i kring. Men sjølve gjera dei ingenting." (Ivar Aasen)

Noko å tenke på.....

Det er lett å ha meiningar, og å uttale seg om ting. Og enno meir lett har det blitt etterkvart som den digitale verda har utvikla seg og det er mogleg å meine og uttale seg anonymt via internett.  Men det er jo ikkje nok at "alle" berre meiner og prater. Nokon må handle. Nokon må utføre. Nokon må ta ansvaret med å faktisk gjere noko. Det er lett å ha meiningar og prate om ting. Og det er ofte litt for lett å kritisere dei som tek ansvar og faktisk gjer noko. Det er lov å stille seg kritisk til noko som andre gjer. Men å berre kritisere og "rope høgt" at det ikkje er godt nok, utan å bidra til å utføre noko sjølv....? Det er lett å meine og prate og kritisere. Det er nødvendig i mange tilfelle for at verda skal gå framover. Men når me meiner og prater og kritiserer, kanskje me òg då skal ta litt meir ansvar for å gjere noko? For når me meiner og prater og kritiserer, betyr vel det at me ser andre løysingar enn det dei som faktisk utfører handlingar gjer? Eller...?🤭

Eg tenker at det også kan vere slik på det personlege planet. Når me opplever motgang og utfordringar i livet, er det så lett å legge skulda utanfor oss sjølv. Det er så lett å legge ansvaret over på ting utanfor oss sjølv. Kanskje også på konkrete personar. Eg er klar over at det finnes menneske som har det vanskeleg i livet på grunn av andre personar. Det finnes mange menneske som har grunn til å legge skuld på andre, fordi andre har påvirka livet og gjort det vanskeleg. For mange er det nødvendig å få lov til å gje andre skulda, fordi det er berettiga. Men så spør eg: Kor lenge skal ein halde på med det? Det er ein fare i at dersom ein berre har fokuset sitt på det, brukar ein opp mange år av livet sitt, og kan lett komme inn i eit mønster der alt alltid er alle andre sin feil. Og eg spør igjen: Får ein det betre med seg sjølv av det? Får ein eit betre liv av det? Nei, det kan eg ikkje tenke meg at nokon får. Dersom ein verkeleg ønskjer å få det betre, ønskjer å bevege seg framover, så må ein rette fokus litt meir inn i seg sjølv i stadenfor å alltid legge ansvaret på menneska og miljøet rundt seg. Ein må bestemme seg: "No er det nok. Det som har vore, har vore. Eg vil legge det i frå meg no, og ta ansvar for mitt eige liv framover."

Vanskeleg? Ja. Endring er ofte vanskeleg. Endring av tankemønster er vanskeleg. Men det er mulig. Det er mulig, dersom ein verkeleg vil.