16. mai, 2016

Det er min veg, og det er mitt ansvar å forme livet mitt.

"Jeg samler på gode opplevelser, og sørger for at de skjer. Om nødvendig, må vi redigere virkeligheten litt."  (Åse-Marie Nesse)

 

Eg syns desse orda er så fine. Ein fin måte å tenke på. Livet er ikkje berre gode opplevingar, ikkje for nokon. Alle møter på utfordringar og hendingar som er vanskelege og vonde, ein eller fleire gongar i løpet av livet. Men livet er ikkje berre vanskelege og vonde opplevingar heller, ikkje for nokon.

Det er litt merkelig at me mennesker tydeligvis er sammensatt på ein slik måte at det som er vanskeleg og vondt fester seg djupare enn det som er godt. Det er det som får stor plass i tankane våre. Det er det som "brenn" seg fast i kjenslene våre.

Me kan øve oss på å holde meir fast på dei gode opplevingane, ta vare på dei i tankane og minnet. Me kan øve oss på å samle på dei gode opplevingane.

"Kva for gode opplevingar?", tenker kanskje nokre no. "Det skjer jo ikkje noko fint og godt i livet mitt." Eg kjenner til det. Eg veit korleis det er å ha det tungt og trist og føle at livet ikkje har noko godt i seg. Men så har eg lært. Eg har lært at gode opplevingar ikkje "ramler ned i fanget på meg".... Eg har lært at eg må faktisk ta grep sjølv for å få gode opplevingar. Eg må ut og oppsøke. Eg kan ikkje sitje inne i heimen min og vente og håpe på at mirakler skal skjeVinker Det er mitt liv. Det er mitt ansvar å forme det og gje det eit innhald som eg vil ha. Den jobben må eg faktisk gjere sjølv.

"Vanskeleg", tenker sikkert nokre. Ja. Det er det. Det er vanskeleg. Men det er slik det er. Det er slik det er å vere menneske. Det er slik livet er. Det er ikkje berre lett og godt å vere menneske. Livet er ikkje berre lett og godt.  Av og til kan me oppleve at muligheter "banker på" og at me berre kan "opne døra" og gripe muligheten. Men det skjer vel ganske sjelden.

For å få gode opplevingar som me kan samle på, må me som regel reise oss, opne døra og gå ut der det er mulighet for å finne dei. Me må ta ansvar, og sørge for at dei skjer. Kanskje me også må redigere litt på virkeligheten? Snu litt om på tankane, finne andre perspektiv, gjere nye valg? Kanskje? Kul