10. mai, 2016

Eg kan bestemme meg for å tenke på det som er fint i livet

Ein av dei mindre bra dagane for mine fysiske helseutfordringar. Men det er jo så mykje anna som er fint i livet! Sol og sommarvarme! Naturen rundt oss kler seg i vårfargane! Eg har fleire positive hendingar i vente som vil gje meg gode opplevingar!

Eg skulle gjerne ha vore foruten ymse fysiske 'vondter' - sjølvsagt skulle eg gjerne det. Men no er det berre sånn det er. Dei fysiske 'vondtene' kan eg ikkje styre. Det eg KAN styre, er korleis eg lar dei påvirke meg psykisk. Eg kan bestemme meg for kva retning tankane mine skal ta. Eg kan bestemme meg for om 'vondtene' skal få stor plass i tankane mine, eller om eg skal la det som er fint og positivt få den største plassen.

Det er jo så mykje som er fint i livet! Det er DET eg vil tenke på! Og det KAN eg tenke på. Eg kan bestemme meg for at eg VIL tenke på det som er fint i livet! 

Ja! Eg har bestemt meg for at eg skal fokusere på det som er fint i livet!