7. mai, 2016

Kjære media som formidlar nyhende til oss

Kjære media som formidlar nyhende til oss. Eg syns det hadde vore fint om de slutta å bruke dei første, voldsomme bileta frå den tragiske helikopterstyrten på Turøy forrige fredag. For meg er det ikkje noko personleg knytta til hendinga, men likevel kjenner eg at det knyter seg i magen når desse bileta kjem på TV-skjermen eller "skrik" mot meg frå papiravisene. Eg har forståing for at dette er ei hending som har interesse for folket. Når noko slikt meiningslaust skjer, vil me vite korleis det kunne skje. Me vil vite kva som gjekk gale. Me som ikkje er personleg berørte, har også behov for å få svar. Og me ynskjer alle at noko slikt ikkje må skje igjen. Så kjære media som formidlar nyhende til oss; hald fram med å orientere oss om kva som kjem fram i arbeidet med å finne ut korleis noko slikt kunne skje. Me vil vite kva som gjekk gale. Men eg syns det hadde vore fint om de slutta å bruke dei første, voldsomme bileta frå helikopterstyrten. Min tanke er at når eg, som ikkje har noko personleg knytta til denne hendinga, kan kjenne at det knyter seg i magen når bileta vert vist - igjen og igjen og igjen - så må det vere frykteleg vondt for dei som er personleg berørte.....