6. mai, 2016

Ut av huset - løfte blikket - skifte fokus = eit anna perspektiv

Eg har fått det stadfesta, nok ein gong. Det fungerer! Å komme seg ut er til hjelp for å bryte ut av negative tankestraumar. Å komme seg ut er til hjelp for å "løfte blikket ut av seg sjølv" og få eit anna fokus. Å komme seg ut og vere i verda der ute gjev eit anna perspektiv. Og har ein først greidd å komme seg ut, så vert det som oftast slik at det eine dreg det andre med seg. Og før ein veit ordet av det, ser livet litt betre ut enn det gjorde når ein satt inne med tankestraumen sin.

I dag brukte eg lang tid på å ta avgjerda om å komme meg ut. Eg lot den negative tankestraumen få gå så lenge at eg byrja å kjenne på oppgitthet og nedstemhet. Men heldigvis, klok av erfaring, greidde eg då å vere streng med meg sjølv: "Berre gjer det! Kom deg ut!

Og det fungerte, denne gongen også! Sinnstemningen letta betydeleg. Og ikkje berre det! Eg overraska meg sjølv, og fekk oppleve ny mestring. For når eg gjekk avgårde i raskt tempo i ei turløype, føltes det så bra at eg fekk lyst til å prøve meg på litt jogging....(!) 🤪 Og eg greidde meir enn det eg hadde forventa. 🙂 Det føltes veldig bra! Og eg kjente ikkje så mykje til 'vondtene' mine når eg var i det.🙂

No, etterpå, kjenner eg det ganske så godt... Men: Totalopplevinga av tur og trening og mestring har løfta stemningsleiet mitt, og det gjer at eg tåler betre å stå i dei smertene eg har. Smertene er jo ikkje farlege. Det er berre vondt.😉Og slik kan eg tenke no, fordi eg gjorde noko som løfta meg psykisk. Eg greidde å komme meg ut av huset - løfte blikket - skifte fokus. Og eg fekk eit anna perspektiv! Det fungerer!🙂