2. mai, 2016

Ord har makt - på vondt og godt

I dag vil eg skrive litt om noko som ikkje er direkte relatert til meg sjølv. Men det vedkjem meg. Og det vedkjem deg. Det vedkjem oss alle! Først vil eg dele eit dikt:

"Liten gut fortel." av Jan-Magnus Bruheim.

Eg fekk det ordet eg var tverr
og lei og vrang og sky og skjerr.

Eg ikkje anna høyre fekk,
og sturen var eg kvar eg gjekk.

Visst er eg vrang og vond og sur,
eg må vera slik dei trur.

Så hende det ein vakker dag
at all ting fikk eit anna lag.

Igjennom veggen høyrde eg
at nokon tala godt om meg.

Eg ville ikkje lyde på,
men stilde meg så lett på tå.

Og høyrde eg før eg smeit meg ut:
«han er så grei og gild den gut».

Eg kvakk litt til, men var så glad
då eg fikk høyra kva dei sa.

Eg gøymde meg og sto og gret,
men alt i kring vart så ljost og let.

Og midt i gråten tenkte eg,
at når dei trur så godt om meg,

då skal eg jamn syna dei
at eg kan vara god og grei.

Dei godord gjorde dagen bjart.
Å du, kor hjertevarm eg vart.

Dette er så viktig. Det er så viktig at me tenker over korleis me snakkar til og om andre menneske. Det er så viktig at me tenker oss om og prøver å fokusere på dei gode sidene som finst i mennesket. Når eit menneske berre får høyre negative ting om seg sjølv, vert det ofte slik at dette mennesket tek det opp i seg som ei sanning. Eller dette mennesket kan tenke at "sidan andre berre ser det som er negativt, kan eg like godt leve opp til det." Negativitet forsterkar negativitet......

Av og til er det ikkje så mykje som skal til for at eit menneske skal kjenne at det har verdi. Nokre få ord kan vere nok. Nokre få ord som viser eit anna menneske at me kan sjå lenger enn til det som framstår som negativt. Ingen menneske er berre håplause, vanskelege, ufordraglige.... Alle menneske rommer både det eine og det andre. Alle menneske har både gode og mindre gode sider og eigenskapar ved seg.

Det er så viktig at me tenker på å sjå lenger enn til dei mindre gode sidene. Det er så viktig at me har fokus på å sjå etter, og fremje, dei gode sidene. Me må bli flinkare til å gje kvarandre oppmuntring og ros på dei gode sidene og eigenskapane. Me må øve oss på å setje ord på det, gje uttrykk for at me ser dei gode sidene. Nokre få gode, oppmuntrande ord, kan vere til stor hjelp for å snu korleis eit menneske har det og ser på seg sjølv. Slik som guten i diktet her. Han fekk det ikkje sagt direkte til seg, men var heldig å høyre det likevel. Eg tenker at mykje negativitet kunne vore spart for denne guten om nokon hadde sagt dette direkte til han tidlegare. Positivitet forsterkar positivitet.....

Ord har makt - på vondt og godt. Lat oss prøve å ha mest fokus på ord som gjer godt. Både for andre og oss sjølve.Kul