28. apr, 2016

Mål og mestring ut i frå eigne forutsetningar.

Gjer det du kan, med det du har, der du er. Dette er Theodore Roosevelt sine ord. Kloke ord, syns eg.

Igjen er eg litt tilbake til det med å akseptere seg sjølv, med dei tankane og kjenslene ein har. Men samstundes tenker eg at personleg utvikling er bra og viktig. Me kan alle utvikle oss, gjennom heile livet. Me kan lære nye ting, mestre nye ting og nye situasjonar. Min tolkning av desse orda av Theodore Roosevelt, er at vår personlege utvikling skal skje ut i frå dei forutsetningane kvar og ein av oss har. Og at me skal setje oss mål som er mulige å nå ut i frå dei forutsetningane me har. Me er ulike som menneske, og kan ikkje alle ha nøyaktig det same målet. Dersom me heile tida samanliknar oss med "alle andre" og streber etter mål som kanskje ikkje er innanfor vår rekkevidde grunna dei forutsetningane me har, kan me fort ende opp med å føle oss mislykka og mindreverdige.

Uansett kva forutsetningar og mål me har som enkeltindivid, så har me alle verdi som menneske!

Kan me som enkeltmenneske akseptere oss sjølve og dei forutsetningane me har, vil me også kunne setje oss mål for utvikling som er mulig å oppnå. Det vil gje oppleving av mestring, som vidare vil auke sjølvkjensla og tryggleik på oss sjølve som menneske. Og på den måten kan me bygge oss oppover, gå steg for steg opp trappa mot nye mål og mestringar. 

Diktaren Olav H. Hauge har også nokre ord som eg synes er veldig gode med tanke på akkurat dette:

"Stor er den som vinn over andre. Veldig er den som vinn over seg sjølv." 

Slik eg ser det, gjennom den læringsvegen eg har gått, så handler det om å konkurrere med seg sjølv og ikkje med andre. Det handler om å setje seg reelle mål å strekke seg etter, slik at ein kan få kjenne på den gode kjensla av mestring og utvikling!🙂