25. apr, 2016

Å akseptere.

Å akseptere at ting er som dei er. Å akseptere at situasjonen er som den er. Å akseptere at livet er som det er. Å akseptere at ein sjølv er som ein er. Det kan vere vanskeleg. Men slik eg ser det, så er det faktisk ikkje alt ein kan endre, verken av ytre ting eller ved seg sjølv. Det kan godt hende at ein skal la enkelte ting ved seg sjølv vere som dei er, og heller prøve å gjere det beste ut av situasjonen. For det kan av og til vere slik at endring kostar for mykje. Det kan hende at ein skal bruke kreftene sine på å akseptere og ikkje nedre.

Å la ting vere som dei er. Å la seg sjølv vere som ein er. Å akseptere det. Det er ikkje lett. 

Eg jobbar framleis med meg sjølv for å akseptere. Eg treng tid til å akseptere at mitt stemningsleie kan ha store svingningar som eg ikkje alltid forstår meg på. Eg treng tid til å trene meg opp mentalt. Eg treng tid til å la kognitive teknikkar få feste seg. Eg treng tid til å lære meg å lytte til aksepterande tankar i staden for nedbrytande tankar. Eg treng tid til å akseptere at eg er den eg er, med mi psykiske og fysiske helse. Ting Tar Tid😉

Å legge seg om kvelden, fornøyd og tilfreds etter ein dag som kjentes strålande og full av fargar, og så våkne morgonen etter med sine 'vondter' og kjensle av å vere sliten og tom....det er ein kontrast som kan vere vanskeleg å forstå, og difor også vanskeleg å akseptere. Men eg kan faktisk velge. Eg kan velge å la det "vippe meg av pinnen" med dei konsekvensane eg veit det vil gje meg. Eller eg kan velge å jobbe kognitivt og mentalt med meg sjølv for å ikkje bli "vippa av pinnen". Eg kan teknikken. Eg har dei riktige tankane i meg. Og eg veit...dersom eg samler meg og tenker meg om, så veit eg at det kjem nye dagar som er strålande og fulle av fargar. Kanskje fargane til og med vaknar til liv ut over dagen i dag...?

"FOKUS, Wenche! FOKUS!😉STOPP tunge, nedbrytande tankar! Aksepter at no er det berre sånn det er, og gjer så godt du kan der du er akkurat no! Ferdig tenkt!"👍