24. apr, 2016

Eg har fargar inni meg som gjer meg glad!

Eg har ikkje opplevd å ha noko mønster på at mørketida er spesielt tung. Mine svingningar i stemningsleiet har vore uavhengig av årstid, slik som eg har opplevd det. 

Men no kjenner eg heilt klart at det gjer noko med meg når sola skinKulOg eg kjenner at eg går våren i møte med gode kjensler. Eg kan glede meg over livet som vaknar i naturen. Fargane som kjem med våren får meg til å kjenne glede. Det grøne i naturen, den blå himmelen som viser seg på godvèrsdagar. Fargerike blomar som veks fram. Lyset og fargen frå sola. 

Eg ser så mykje meir og eg sanser så mykje meir når fargane inni meg har vakna til liv. Eg har fargar inni meg som gjer meg glad!Kul