20. apr, 2016

Refleksjonar - når mennesker velger å ikkje gå vidare på vegen sin.

Eg tenker på....Korleis er det når ein pårørande ser at ein av sine næraste ikkje har det bra? Det den pårørande ser, skaper så stor bekymring at den pårørande kontakter hjelpeapparatet. Hjelpeapparatet gjev eit svar som den pårørande tenker er til å stole på...?

Den pårørande mister ein av sine næraste. Ein av dei næraste til denne pårørande, velger å avslutte livet sitt...

Er det godt nok? Er det godt nok at hjelpeapparatet gjev svar og råd over telefon på bakgrunn av teoretisk, fagleg kunnskap og erfaring med liknande tilfelle? Er det den pårørande eller hjelpeapparatet som kjenner ein av sine næraste best? Er det godt nok når hjelpeapparatet velger å ikkje rykke ut og vurdere med eigne auge om den teoretiske, faglege kunnskapen passer til akkurat dette mennesket, akkurat der og då?

Er det godt nok? For denne pårørande, og ein av dei næraste, var det ikkje godt nok. 

Eg tenker på....Kor mange er det som har opplevd dette? Skjer det ofte? Skjer det ofte at mennesker i krise vert vurdert over telefon som ein "fellesnemnar"...? På bakgrunn av teoretisk, fagleg kunnskap og erfaring med liknande tilfelle?

Er ikkje mennesket eit enkeltindivid? Med sine kjensler? Med sine tankar? Med sine indre smerter?

Teoretisk, fagleg kunnskap og tyngde er nødvendig, viktig og bra!

Men er det godt nok å berre støtte seg på den, i ein telefonsamtale med ein bekymra pårørande, som kjenner ein av sine næraste best?

Eg forstår at det kan handle om komplekse og vanskelege vurderingar og valg. Eg forstår det. Men av og til tenker eg på... Er det godt nok?