18. apr, 2016

Eg har teke ei avgjerd. Eg har tru på at eg kan.

Eg har teke ei avgjerd. Eg har teke ei viktig og forpliktande avgjerd. Det kjennes riktig. Det kjennes bra.🙂

Eg har jobba meg framover på vegen mot denne avgjerda. Eg har gått steg for steg i riktig retning. Det har ikkje berre gått lett. Eg har snubla. Eg har gått overende. Eg har vore ute i grøfta. Og eg har vore i tvil om eg ville greie å ta meg inn igjen, reise meg, komme meg inn på vegen igjen. Eg har vore i tvil fleire gongar. Men eg har fått hjelp og støtte når det har vore nødvendig, og eg har lært korleis eg sjølv kan komme meg vidare når eg snublar, går overende og kjem ut i grøfta. Eg har greidd å fortsette framover på vegen. Eg veit at vegen vidare ikkje berre vil gå rett fram. Eg kjem framleis til å snuble, gå overende, komme ut i grøfta.... Det veit eg. Livet går ikkje berre rett fram for nokon av oss. Men no veit eg også at eg kan ta meg inn igjen. Eg kan reise meg. Eg kan komme inn på vegen igjen. Eg veit at det kan eg greie. Eg har erfart. Eg har lært. Eg har sett at eg kan finne styrke i meg sjølv.

Eg har teke ei avgjerd. Eg har teke ei viktig og forpliktande avgjerd. Det kjennes riktig. Det kjennes bra. Eg kjenner på vilje, lyst og pågangsmot til å jobbe meg vidare framover på vegen, steg for steg, fram mot det som er målet mitt. Eg kjenner at håp er sterkare enn tvil. Eg har tru på at eg kan. Eg har tru på meg sjølv. Det kjennes bra.🙂