15. apr, 2016

Det er lov å ha ein dårleg dag.

Eg er i bevegelse. Det går framover. Eg mestrer meir enn før. Eg er modigare enn eg var før. Eg har det betre enn før, og eg har mykje å vere takknemlig for. 

I dag er eg frustrert, og kjenner at sinnsstemningen er litt tung. Eg er lei av å gå med litt diffuse fysiske plager. Eg er lei, fordi eg har kjent på desse plagene i større eller mindre grad i snart tre månader. Det er ikkje veldig store plager, og eg greier for det meste å fungere i dei kvardagslege gjeremåla mine. Men eg er lei, fordi plagene påvirkar motivasjon og lyst til å gjere ulike ting. Eg må mobilisere litt ekstra for å fungere. Eg er lei, og eg begynner å bli sliten.

Eg har det betre enn før på mange måtar. Eg har mykje å vere takknemlig for. Men i dag... I dag vil eg gje meg sjølv lov til å vere frustrert og lei og sliten av å gå og kjenne på fysiske plager i nesten tre månader. Mine fysiske plager er bagateller i forhold til kva plager og smerter mange andre må slite med. Det veit eg. Men likevel... Akkurat dette handler om meg. Dette er mine plager. Dette handler om mi oppleving av dei plagene eg kjenner på.

Eg vil gje meg sjølv lov til å vere frustrert og lei og sliten av dei fysiske plagene eg har. Det er lov å ha dårlige dagar. Alle har lov til å ha dårlige dagar, uansett kva det no måtte vere som gjer at ein opplever at dagen er dårleg.

Eg vil gje meg sjølv lov til å ha ein dårleg dag, fordi eg veit at det er berre det det er; ein dårleg dag, og ikkje eit tilbakesteg.🙂