12. apr, 2016

Eitt lite steg til framover. Det er fint å oppleve.

Litt for lite søvn i det siste. I dag er eg veldig trøtt. I dag har eg ganske kraftig hodepine.

I dag er det også ein nydeleg vårdag med strålande sol. Eg har vore i Bergen i dag. Bergen er ein vakker by, spesielt på ein nydeleg vårdag med strålande sol.

Eg er trøtt og har hodepine. Å reise til Bergen i nødvendig ærend er litt slitsomt...for meg er ein bytur noko som tek ein del krefter.

Men det er ein nydeleg vårdag med strålande sol! Og veit de kva? Sjølv om eg er trøtt, sliten og har hodepine, så er det vår og sol inni meg òg. Kjenslene eg kjenner inni meg er lette og lyse. Ikkje heilt som ei strålande sol. Det er det ikkje overskudd til - i dag. Men dei er lette og lyse. Det er glede inni der. Det er glede over våren, lyset og sola. Det er glede over at eg er til, og kan få oppleve ein slik nydeleg vårdag med strålande sol, både i vakre Bergen by og her heime som eg bur! 

Det er fint at eg kan kjenne på dette inni meg, sjølv om kroppen ikkje er i så god form i dag. Trøtthet og fysisk smerte legg ein liten skygge over lyset inni meg, men kan ikkje ta over og mørklegge for meg. Det er fint å oppleve for meg. Det er eitt lite steg til framover på vegen min, det.🙂