4. apr, 2016

To valg.

Når det kjem til det å ta valg i livet, så har me to store valg å ta:

1. Me kan akseptere situasjonen vår slik som den er.

2. Me kan akseptere ansvaret for å gjere noko med situasjonen vår.

Slik er det faktisk. Eg seier ikkje at det er lett, men når alt kjem til alt er det faktisk slik det er. 

Me må gå i oss sjølve. Sjå på det livet me lever. Stille oss sjølv spørsmål.

"Okei. Eg har min "bagasje". Eg har mi fortid som har vore med på å forme meg til den eg er no. Eg har mi fortid som har vore med på å gjere at livet mitt er som det er no. Er det greitt for meg å vere den eg er no? Er det greitt for meg at livet mitt er som det er no? Kan eg leve greitt nok med det? Eller ønskjer eg at det var annleis? Ønskjer eg å kunne føle meg meir tilfreds med den eg er som menneske? Ønskjer eg meg meir innhald av gode og kjekke ting i livet mitt?"

Det kan gjerne virke "flåsete" lettvint: "Det er jo berre å ta eit valg!"

Eg veit at det ikkje er lett! Det er ein prosess å komme fram til ei avgjerd. Det tar tid. Nokre treng lang tid. Andre treng kortare tid.

Nokre vil kanskje komme fram til at det er greitt å leve livet sitt som det er no, fordi prisen å betale for endring vert for stor og krevande. Det kan koste for mykje både i psykisk smerte og tid. Og det er OK å ta den avgjerda. Men då må ein også stå for den. Akseptere det, og jobbe med å berre legge vekk alle "eg skulle ønske"...🙂

Nokre vil komme fram til at dei vil ta jobben med å få til ei endring. Bestemmer ein seg for dette, må ein "bryte ned" mål for endring til små delmål, små enkeltvalg underveis. Og det viktig å hugse på at det er EIN SJØLV som må ta hovedansvaret for å få dette til. Det er EIN SJØLV som må ta kvart enkelt småvalg, og kvart enkelt steg fram mot målet. Men det kan vere fint å ha nokon som går med og støtter og motiverer. For det vil komme hindringar i vegen av og til. Ein vil miste retningen og komme ut av kurs av og til. Nokre greier å komme seg vidare på egenhånd når det skjer. Andre treng at nokon hjelper litt med støtte og motivasjon.

Me har to store valg i livet:

1. Akseptere situasjonen vår som den er, og gjere det beste ut av det.

2. Akseptere ansvaret for endring, og gjere den jobben som kreves for å få det til.

Så lett, men likevel så vanskelig🙂