2. apr, 2016

Enno eit år eldre, men på stigande form.

Enno eit år eldre, men på stigande form. Alderen sit sjølvsagt sine spor i ein kropp som har levd i så mange år. Men likevel... På fleire område er formen betre. 🙂

20 år har gått sidan mitt første møte med psykiatrien. Ein lang og kronglete veg med nedturar og oppturar. Til tider har det vore fryktelig krevande periodar, med kjensle av at livet har vore ein einaste lang oppoverbakke som var for slitsom å fortsette og gå. Men eg er her. 20 år har gått, eg er her og eg har på mange måtar nesten blitt eit nytt menneske. Eg er framleis meg, men eg tenker annleis. Ser frå andre perspektiv. Eg har funne meir ro i meg sjølv. Og eg har lært meg å bli glad i å vere ute i naturen og det å vere i fysisk aktivitet.

 Enno eit år eldre, men på stigande form.🙂