28. mar, 2016

Litt fred frå verda. Musikk og naturlandskap.

Ein rusletur. Med kamera. Musikk på øyra. På min favorittstad for akkurat det: Kvassnesstemma Friluftsområde. Kald vind, men friskt og godt. Møtte nokre andre folk. Eit smil, eit lite nikk. Det fekk dei frå meg. Ikkje noko meir. Ikkje i dag. I dag ville eg ha litt fred frå "verda"... Eg ville ha meg ein liten rusletur. Med musikk på øyra. Med kamera i handa. Eg ville "vere i musikken" samstundes som eg såg etter detaljar i naturlandskapet som eg kunne fange med kamera mitt og ta med meg heim.

Det var det eg ville. Akkurat i dag.🙂