24. mar, 2016

Eg kan velge. Lytte til negative tankar, eller ikkje?

"It's just one of those days"....

Trøtt og ikkje noko overskudd. Slik kjennes det ut og det er det tankane mine seier til meg.

Det er sikkert best å ta seg ein kvil...seier tankane mine til meg. Eg er for trøtt til å greie å gå på tur i dag...seier tankane.

Men...tankane mine kan jo ikkje vite om det er tilfellet, kan dei vel? Tankane mine kan ikkje vite om eg er for trøtt til å gå på tur. Desse tankane er basert på at eg føler meg trøtt, føler at eg ikkje har overskudd. Men om det faktisk er slik, kan ikkje tankane mine viteVinker

Eg har eit valg. Eg har to alternativ å velge mellom:

Eg kan velge å lytte til tankane om at eg ikkje orkar å gå på tur, og legge meg til å sove.

Eg kan velge å ikkje lytte til tankane om at eg ikkje orkar å gå på tur, og gå ut og faktisk prøve om eg orkar.

"Stopp opp litt før du bestemmer deg, Wenche! Stopp opp litt og tenk på tidlegare erfaringar i liknande situasjon! Kva var du best tjent med?"

Og veit eg! Eg veit kva for alternativ eg skal velge.Vinker

Eg seier STOPP! til tankane. Eg kler på meg turklede. Eg berre gjer det!