20. mar, 2016

Eg kan. Eg berre gjer det. Og eg vinn.

Seieren er min, seieren er min! 😉Ein seier som "smaker" ekstra godt, fordi utgangspunktet ikkje var av dei beste. Eg kan! 👍

Det å skulle "pushe" seg sjølv er ikkje alltid så lett - å leggje press på seg sjølv for å gjennomføre noko. Det ligg jo i ordet; å presse seg. Sjølv om ein veit at det mest sannsynleg vil gje eit positivt resultat å gjere det, kan det vere ulike grunnar til at det er vanskeleg å finne motivasjonen til det likevel. Ein tenker gjerne at "kvifor skal eg presse meg til noko som eg ikkje har motivasjon til? Kva er liksom vitsen med det? Når det ikkje kjennes lystbetont, vert det nok ikkje noko kjekt."

STOPP! Stopp den negative tankestraumen som kjem snikande! Stopp, og tenk deg om! Kva har skjedd andre gongar i liknande situasjonar? Kva erfaring har du med det?

Å, ja. Det er sant. Eg har jo erfart at dei aller fleste gongane eg presser meg til noko som ikkje er lystbetont, presser meg og berre gjer det, så kjem eg "ut på andre sida" på ein positiv måte. Eg har det betre etter at eg har gjennomført det.🙂Eg kan! Og eg berre gjer det! Og eg vinn! Eg vinn over min egen negativitet, og eg får det betre etterpå.

Eg har vore flink! Eg kan *klappe-meg-sjøl-på-skuldra* fordi eg faktisk fortjener det.🙂