18. mar, 2016

Ein veg som kjennes riktig å gå på. Eg vågar å tru på at eg vil nå målet mitt.

Ein "smak" av arbeidslivet igjen. Ikkje heilt den same jobben som eg hadde før, men innanfor same yrkesfelt. Det føles bra. Det føles veldig bra. 

Eg har berre såvidt starta på vegen som fører mot ordinær jobb igjen. Men det kjennes riktig. Eg mestrer. No vågar eg å tru på at eg kan greie å gå litt stødigare framover på denne vegen. Eg veit at det kan komme utfordringar. Eg veit at eg kan møte motbakkar på vegen. Eg veit at eg kan "komme ut av kurs". Eg veit at vegen ikkje går berre rett fram, sjølv om det akkurat no kjennes lett å gå. Men her og no velger eg å ha fokus på at det føles bra og lett å gå på denne vegen. Det kjennes riktig, og eg vågar å tru på at eg kan nå det som er målet mitt. Eg vågar å tru på meg sjølv.🙂

GOD HELG!