16. mar, 2016

Ein dag har mange timar. Mykje kan endre seg mellom morgon og kveld.

Det er fint at ein dag har så mange timar. Mange timar som gjev mulegheit for endring. 

Å våkne om morgonen og få ein dårleg start på dagen er ikkje kjekt i det heile tatt. Det kan vere mange ting som gjev oss ein dårleg start. Og det kan få oss til å tenke og føle at heile denne dagen er berre øydelagd. Det er lett for å berre konkludere med det, og gje seg over til negativitet. Men kva skjer då med humør og sinnsstemning? Har de lagt merke til det? Kva skjer når me velger å la negativiteten få overtaket? Det eg kan seie ut i frå eigen erfaring, er at då kjem nedstemthet og tungsinn. Negative tankar genererer enno fleire negative tankar, som igjen påverkar kva me kjenner inni oss. Negative, svartmalande tankar tek vekk fargane inni oss også. Det blir svart og mørkt og trist. Me har (utan å vere heilt bevisst på det) tatt eit valg om å gje opp heile dagen.

Men... dagen har jo mange timar. Mange timar som gjev mulegheit for endring. Mulegheit for å snu om etter ein dårleg start. No er det riktignok ikkje alt me kan styre og påverke med berre positive tankar og viljen vår. Som t.d. for meg i dag. Dagen starta med kraftig hodepine, og eg greidde ikkje å gjennomføre ein planlagt aktivitet, fordi då avtalt tid nærma seg hadde eg for vondt til at det lot seg gjere. Eg kjente litt på kjensle av nederlag, og eg merka at det påverka tankane mine og sinnstemningen min på ein negativ måte. Men så tok eg eit valg. Eg tok eit valg om å akseptere situasjonen. Eg og hovudet mitt måtte ha ro og kvile, og eg gav meg sjølv lov til å akseptere det. Og når eg greidde å akseptere det, kunne eg falle til ro. Eg kunne la tankane falle til ro. Eg kunne la kroppen falle til ro. Eg fekk ei stund med kvile og søvn og når eg våkna igjen følte eg meg betre, både av hodepinen og inni meg. 🙂Eg såg på klokka, og tenkte: "så fint at det enno er ein del timar igjen av dagen som eg kan bruke til noko positivt og kjekt." Og slik vart det også. 🙂👍

Dårleg start på dagen -> eg tok eit valg om å gjere det som var hensiktsmessig der og då -> som belønning vart *dårlig-dag-perioden* kortare og eg fekk noko positivt og kjekt ut av dei timane som var igjen av dagen. 🙂 

Enten det er no sånn eller slik, så har me i dei aller fleste situasjonar mulegheit til å ta valg.